23.12.2021

Clement Clarke Moore - julenissen

Clement Clarke Moore

  C. C. Moore (1779-1863) var en amerikansk forfatter og professor i blant annet orientalsk og gresk litteratur, men også i teologi. Han er mest kjent for å ha skrevet diktet «A visit from St. Nicholas», som ble første gang publisert (anonymt) 23. desember 1823 (mao. 198 år siden).


(Clement C. Moore)

Her følger diktet/eventyret (gjendiktet av Halldis Moren Vesaas):

Da Sankte Klaus var her

Det var kvelden før jul, og så stilt i vårt hus
at ingen ting høyrdest, nei ikkje ei mus.
Ved peisen var strømpene hengt opp på plass,
for no skulle snart Sankte Klaus med sitt lass
sjå innom til borna, som sov i si krå
i draum om alt godt som dei snart skulle få.

Og mamma og eg, vi var nett gått til ro
- vi låg under dynene alt, båe to -
da brått uti tunet det vart slikt eit bråk
og trakking og tisking og skramling og ståk,
at eg sprang utor senga og fór som eit lyn
til glaset og såg ut. Å for eit syn!

Der ute låg nysnø, og månen skein klar
- eg såg alt som fanst der, så lyst som det var.
Kva såg eg? Ein slede, ein liten og nett,
med åtte små reinsdyr som drog han så lett,
og høgt oppå sleden ein blid gammal mann.
Det var Sankte Klaus! Ja, så menn var det han!

Så rappe som ørnar var reinane hans,
og han hyppa på dei og han skreik utan stans:
«Hei Hoppar, Hypp Dansar, Hei Flygar og Flink
og Lettfot og Lysnar og Dunder og Blink!
Så, oppover veggen! Til topps no! Hei hopp!
Heng i kvar og ein! I galopp, i galopp!»

Lik lette små haustlauv som vinden slit laus
og sendte i véret - slik fauk Sankte Klaus
og dyra og sleden med leikety-last
rett oppetter veggen i flygande hast.
Og vidare bar det, men no i meir mak
for no trippa klauvenen oppå vårt tak!

Eg snudde meg brått - og eg kvakk, men laut le:
Der kom Sankte Klaus gjennom peispipa ned!
Han var kledd i ein skinnpels frå hovud til fot,
og pelsen var flekket av oske og sot.
Han letta frå aksla ein bylt som han bar
- ein skulle mest tru det var kramkar han var!

Han blunka så lurt, og han smilte og lo.
Han var rundleitt, og nasen var raud som ei glo,
og kinna som eple, og skjegget hang sidt,
og lyste som nysnø, så drivande kvitt.
Han beit i ei snadde, og røyken låg blå
kring hovudet hans - som ein krans, mest, å sjå.

Han hadde ein mage så trillrund og god
som skalv som ei skål med gelé når han lo.
Han var lubben og velfødd frå hovud til hæl,
eg måtte mest le når eg så på han vel.
Eg vart ikkje redd han, nei langt derifrå!
Han var berre snill, det var lett nok å sjå.

Men no fekk han brått-om. Han opna sin bylt,
og snart var kvar strømpe i peiskråa fylt.
Med fingren på munnen han nikka til meg,
og opp gjennom peispipa fór han sin veg.
Han sprang opp i sleden og ropte: «Av stad!»
- og vekk var dei alle, som bortblåsne blad.

Men hit gjennom nattlufta klang det eit rop:
«God jul, og god natt no, til alle i hop.»

For forrige dikt/dikter, klikk her. For neste dikt, klikk her. For neste innlegg, klikk her. For engelsk versjon av diktet, klikk her.

Kilde: Wikipedia, «Julens stemninger», dikt, sanger og fortellinger, redigert av Tove Valmot, Den norske Bokklubben (nok en gang takk til giveren!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar