04.02.2022

Einar Økland (II)

  Einar Andreas Økland (født 1940) er en norsk essayist, lyriker, dramatiker, forfatter og kritiker som skriver på nynorsk. Han har mottatt en solid bøtte med priser: Doblougprisen (2000), Aschehougprisen (1988), Gyldendalprisen (2006), Språklig samlings litteraturpris (1985), Blixprisen (1968), Nynorsk litteraturpris (1993), Samlagsprisen (2000), Sigmund Skard-stipendet (1998), fra Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond (1982), Askeladdprisen (1987), Kari Skjønsbergs pris (2006), Brageprisens hederspris (2015).


(Einar Økland)

  Jeg finner flere av hans dikt ganske underfundige, vemodige, og nærmest litt vittige og alvorlige på samme tid. Første gang jeg så ordet «hummar» tenkte jeg; det må vel være en humrende humle, men den gang ei …:

Hummar-andakt

Så rolege hender
Så mørke augo
Så mange bein

Så smale føter
Så velforma ledd
Så djupraude sider

Så annleis under
Så klar lyd i skalet
Så god tyngd

Så lik ei leike
Så lite leiken
Så vernande om maten

Så utilnærmelig
Så alvorleg og fjern
Så seriøs

Så godt å opne
seg for deg

Likt for alle

Med den rett som lova gir.
Med dei ekspertar som skulane gir.
Med den logikk som språket gir.
Med den makt som pengane gir.

Er det einkvar tillate:

Å forandre utsikten.
Å forstyrre freden.
Å flytte folka.
Å fordrive dyra.
Å fikse økonomien.

Slik at vedkomande fritt kan:

Bøye lova.
Stenge skulane.
Omstille språket.
Overta pengane.

Frå hans høge hest

Trur du hesten
er klokare enn oss. Det
trur ikkje eg.
Trur du trua flytter fjell. Det
trur ikkje fjellet.
Trur du naturen er god. Det
er godt trudd.
Trur du det vonde
støtt får si straff. Den
råkar det gode.
Kjenner du deg råka?
Ikkje rart du er einsam.
Det gode
er forbi.
Du er forseinka.
Meir og meir.

For forrige innlegg, klikk her. For forrige dikt/dikter, klikk her. For neste, klikk her. Hadde forresten glemt at jeg har gjengitt dikt av Økland før ... (klikk her for å se de). For neste innlegg, klikk her.

Kilde: Wikipedia, Einar Økland: «Dikt i utval» (fra «Når ikkje anna er sagt», 1991), Den norske Lyrikklubben, Oslo, 2001

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar