24.02.2023

Juan Ramón Jiménez

Juan Ramón Jiménez

  Jiménez (1881-1958) var en spansk forfatter og lyriker. Han mottok Nobelprisen i litteratur i 1956. Jeg syntes han får meddelt mye med få ord i mange av de diktene jeg har lest. Her gjengis tre:


(Jiménez)

Mor

Å, om eg kunne bera
deg frå ditt liv på mine armar, inn til kvila,
slik som du bar meg som barn
frå ditt bryst til vogga!

+

Morgon i hagen

Det vesle barnet har sovna!

Imedan kvitrar fuglane,
og greinene voggar,
og den store solen smiler.

I den herlege skuggen!
- eit sekel eller eit augneblink?

Det vesle barnet har sovna
  - uten tanke enno
    om stund eller æve!

Imedan kvitrar fuglane,
og greinene voggar,
og den store solen smiler.

+

Eg er ikkje eg

Eg er ikkje eg.
  Eg er han
som held seg ved mi side usynlig;
som eg stundom får sjå
og som eg stundom gløymer.
Han som vettug teier når eg talar,
han som tilgjev mildt når eg hatar,
han som går der eg ikkje er,
han som held seg oppe når eg døyr.

For forrige innlegg, klikk her. For neste, klikk her. For forrige dikt/dikter, klikk her, for neste dikter, klikk her.

Kilder: Wikipedia, «Kjærleik! Den einaste rosa», dikt i tolking ved Jan Anker Frøydarlund, Det norske Samlaget, Oslo, 1966.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar