Jon Hjørnevik
Hjørnevik (født 1970) er en
norsk forfatter, dikter og komiker. Jeg syntes dikteren har noe Jakob
Sande-aktig over seg. Fandenivoldsk frisk:
Eg hatar
frukost på
senga
Eg hatar frukost på senga
for eg er ein enkel fyr
med brødsmuler og gnafs,
det vert for mykje styr.
Eg hatar frukost på senga,
men kona mi elskar slikt.
Eg hatar det som pesten,
er det løye eg skriv dikt.
Eg hatar eting på senga,
det skal ikkje vera lett:
koseromantisk kaffisøl,
på satans ustøtt brett.
Eg hatar å sitja i senga
på smular og korn og salt.
I brødsmulekosemadrassen
skal eg nysa og riva ned alt.
Eg hatar gnafsing på senga,
her må nokon få svi.
Eg vert så steike forbanna
av slikt påklistra svermeri.
Eg hatar frukost på senga
og tar likevel siste stikk.
Eg puler med smular i hekken,
det kaller eg romantikk.
For forrige innlegg, klikk her. For neste, klikk her.
Kilde: Wikipedia. Ukjent fra hvilket av Hjørneviks diktsamlinger (la
meg gjerne høre), fant det som et avisutklipp forglemt i en av mine
diktsamlinger…

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar