06.12.2024

Pablo Neruda

Pablo Neruda

  Neruda (1904-1973, født Ricardo Eliécer Neftalí Reyes Basoalto) var en chilensk forfatter og politiker. Ved siden av en rekke andre utmerkelser og priser mottok han Nobelprisen i litteratur i 1971.

  Neruda fikk publisert dikt (og artikler) allerede som trettenåring. Gjennombruddet hans kom med diktsamlingen «Tyve kjærlighetsdikt og en fortvilet sang» (Veinte poemas de amor y una canción desesperada), som han utga som 20-åring. Denne utgivelsen har på verdensbasis blitt solgt i over én million eksemplarer.

  Her følger et dikt fra gjennombruddet, oversatt fra spansk til nynorsk av Kjartan Fløgstad:

Om kveldane bøyer eg hovudet

Om kveldane bøyer eg hovudet og kastar ut mine triste garn
i dei havdjupe augo dine.

Der på det største bålet logar einsemda mi opp,
og kavar med armane som skipbrotne sjøfolk.

Eg sender raude signal mot dei fråverande augo dine,
som slår lik havet mot stranda rundt eit fyrtårn.

Men du gøymer berre mørkre, mi eigne og fjerne kvinne,
og det hender at frå blikket ditt stig redslekysten fram.

Om kveldane bøyer eg hovudet og kastar ut mine triste garn
i havet som bles i dei djupe augo dine.

Nattfuglane plukkar opp dei første stjernene,
som skin lik sjela mi når eg elskar deg.

Natta rid fram på ei dyster hoppe,
og spreier blå kornaks over markene.

For forrige innlegg, klikk her. For forrige dikt, klikk her. For neste dikt, klikk her. For neste innlegg, klikk her.

Kilder: Wikipedia, Pablo Neruda: «Dikt i utval» ved Kjartan Fløgstad, Den norske Bokklubben, 1973.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar