23.09.2022

Einar Økland (III)

Einar Økland

Einar Andreas Økland (født 1940) har jeg vært innom før (se bla. her). I det følgende gjengis noen små morsomheter:


(Einar Økland)

SNIRKEL OM FISKEN OG ORDNINGA

Det var det året alle måtte ete fisk dersom dei ville leve. Akkurat det året var det for lite fisk. Av den grunn måtte dei halde fram å ete fisk også neste år. Det året var det endå mindre av fisk. Fisken tok heilt slutt det året. Det kan høyrast trist ut, men då det var slutt på fisken, var det ingen som spurde etter den heller. Slik sett passa det bra. Det ordna seg sjølv.

FRAMOVER GÅR DET

Å nei, filosofen fører nok ikkje verden framover, sa drosjesjåføren til meg, filosofen fører nok berre filosofien framover, sa han.
  Og kva med oss andre, vi som korkje er sjåførar eller filosofar, sa eg, vi fører då vel også noko framover?
  Din jækla filosof! sa drosjesjåføren.
  Nei vel, sa eg, vi kan godt stagnere med ein gong for meg, dersom det er så at du absolutt vil fornærme meg.
  Nei, vi skal då fram først, sa han. Dermed sokk eg til ro i baksetet.

SNIRKEL OM LIV OG LÆRE

Gjerdestolpane blomstra! Vegane hadde mosedekke. Levande skogsdyr stod oppstilte som portar utanfor husa. Og husa hadde levande fisk til dørhåndtak, spindelvev til vindaugo og vatn til golv. Sola stod på ein stake om dagen og månen dreiv på ein båt ikkje långt fra land om nettene. Året hadde 365 dagar og alle hadde ulike namn. Eit år hadde dagane blomsternamn, eit anna år hadde dei insektnamn, så personnamn, namn på kjæledyr, namn på stjerner, namn på skip, namn på stader, namn på tre, namn på bøker, namn på musikkstykke, namn på kroppsdelar, namn på møbler, namn på klær, namn på stoff, namn på parfymar, namn på land, namn på fisk osv. Kvart einaste år hadde også sitt eige namn. Kring i dette gjekk det folk, nakne og påkledde om kvarandre, somme tilba dei døde og somme dei levande, somme var berre seg sjølv og andre visste ikkje kven dei var. Midt oppi dette stod det ein, som visste nøyaktig kven han var, og skulle innføre læra om det som var verkeleg. Mens han lurte på om han skulle kle av eller på seg, kom blomstene mot han. Han fekk nok med å slå vekk dei. Han slo og slo og blei ikkje ferdig. Han som skulle innføre kommunismen.

For forrige innlegg/dikter, klikk her. For neste dikter, klikk her. For neste innlegg, klikk her.

Kilder: Ivar Havnevik - «Dikt i Norge», Pax Forlag A/S, 2002, Einar Økland: «Statsministerens sko - og andre tekster», Den norske Bokklubben, 1976.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar