31.05.2020

Rolv Thesen - stemning fra Oslo

Rolv Thesen (Harald Hamre) - stemning fra Oslo

  Thesen (1896-1966) var en norsk litteraturkritiker, biograf og lyriker. Under psevdonymet Harald Hamre ga han ut tre diktsamlinger. Følgende dikt (fra 1949) «snublet» jeg over i en antologi om Norges hovedstad:
(Rolv Thesen)

Tidlig vår i byen

Så nyskapt ligg byen
i vårsol og søle,
Slottsbakken eimar
av mold og av gror.
Blåveisen skin alt
jamsides krokus, -
i blomsterbutikken
dei blånar i kor.


Bak spegelglasruter
ligg vårlege bukser,
racket og fotball
og ventar på sal.
Hamna har sjøluft
og havbudde båtar,
solskinet gneistrar
i småbåreskval.


Og Kolsås og Skaugum,
dei vinkar der borte,
snart vaglar sola
seg der med sin eld.
Attom ligg skogar
så eventyrblå og
kittelsen-trolske
mot himmelens tjeld.


Eg går her og lengtar
til sjøen og skogen,
til noko eg gløymde
på gatene her.
Byen tok allting,
men lengselen lever;
lykka er alltid
der eg ikkje er.


For forrige innlegg, klikk her. For forrige dikt/dikter, klikk her. For neste innlegg, klikk her.

Kilde: «Møte med Tigerstaden» - Oslo i innflytternes øyne. En antologi ved Bernhard Hagtvedt. Stabenfeldt Forlag, Stavanger, 1950.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar